Dronar

På denne sida finn du oversikt over kvar du kan fly drone, og kva du må tenkje på før du skal fly drone rundt Avinor sine flyplassar.

Kvinne i oransje jakke og strikka lue held ein drone i snødekte omgjevnader.

Registrer flyginga di i Ninox Drone

Uavhengig av om ein skal fly rundt ein lufthamn eller ikkje, blir dronepilotar oppfordra til å registrere alle flygingane sine i Ninox Drone.

Her kan du leggje inn flygeplanen din slik at andre dronepilotar, helikopter og fly kan sjå kvar du flyg. Du kan òg sjå flygeplanar frå andre dronepilotar i same område.

Dronekart

Avinor Dronekart viser kvar du har lov til å fly. Kartet viser 5 km-sonen rundt kvar lufthamn der det krevst løyve for å fly drone. Det viser òg reglar og kontaktinformasjon til alle lufthamner. Sjå dronekartet her. 

Søk løyve om du treng å fly nærmare ein lufthamn.

 

 

 

 

Dronereglar

Registrer deg og ta eksamen

Luftfartstilsynet.no har rettleiingar for dronar.

Gå til Flydrone.no for å registrere deg, ta eksamen og merke dronen.

Sørg for å ha forsikring

Dronar er luftfartøy og må forsikrast hjå eit forsikringsselskap.

Få deg ansvarsforsikring.

Vit kvar du kan fly og registrer flygning

Hald avstand på 5 km frå lufthamner. 

Bruk Avinor Dronekart og Ninox Drone for å sjå soner og søke om flyging.

Hald drona innanfor synsrekkevidde

Du skal alltid kunne sjå dronen. 

Maksimal flyhøgde over bakken er 120 meter.

Vis omsyn. Følg reglane for foto og video.

Unngå å fly over personar og folkemengder.

Besøk Datatilsynet og NSM for meir informasjon.

Halv avstand. Fly alltid under 120 meter frå bakken

Hald 150 meter avstand frå busetnad.

Hald minst 30 meter avstand frå personar.

Droneprogram 

Avinors droneprogram legg til rette for vekst i bruken av dronar i Noreg.

Droneprogrammet er delt inn i fire område:

  1. 1

    Integrering av dronar i luftrommet

    Digitale system for styring av luftrom med store voluma av dronar og avanserte operasjonar. Ninox Drone er Avinors UTM-system (Uncrewed Traffic Management)

  2. 2

    Deteksjon av dronar

    Sikre luftrommet for å unngå konflikt mellom dronar og bemanna luftfart. C-UAS (Counter - Uncrewed Aerial Systems)

  3. 3

    Infrastruktur og bakketjenester

    Tilpasse eller bygge infrastruktur for ny luftmobilitet med store passasjer- og fraktdronar.

  4. 4

    Dronar til Avinor sin drift

    Bruk av dronar til inspeksjon og andre oppdrag på eigne flyplassar for å effektivisere drift av flyplassar, samt auke kvalitet og tryggleik.