ID-kort

ID-kort

Søk om lokalt ID-kort

Søk om lokalt ID-kort

Vel dette dersom du har tenesteleg behov på berre éin flyplass.

Søk om multiside-/mannskapskort

Søk om multisite/crew-kort

Vel dette dersom du har tenestleg behov på to eller fleire flyplassar.

Søk om besøkskort

Avinor - Mitt ID-kort

For uventa hendingar og møteverksemd. 

Søk om innkøyringsløyve

Avinor - Mitt ID-kort

Søk om innkøyringsbevis her.

Mitt ID-kort

Her kan du sjekke status på søknad, gjennomføre nettkurs, stadfeste mottak av ID-kort når du har fått det i posten, sjå - og endre informasjon.

Avinor - Mitt ID-kort

Kontaktinformasjon og ofte stilte spørsmål

Endring i kurskrav frå 2025

1. januar 2025 vil det tre i kraft endra krav til hyppigheit av kursgjennomføringar for tilgang på flyside.

Det betyr at alle med tilgang til flyside, blå firkant på ID-kortet, må gjennomføre e-læringskurs kvart andre år, i staden for kvart femte år slik kravet har vore fram til no.

Det vil òg lanserast eit nytt e-læringskurs for dei med køyretillatelse på ID-kortet som heiter «Køyring på flyside», dette kurset skal òg gjennomførast kvart andre år.

Sjølv om det no kjem kurskrav som skal gjennomførast kvart andre år, vil det framleis vere fem års gyldigheit på ID-kortet.

På same måten som ein må fornye bakgrunnssjekk årleg, vil ein måtte gjennomføre kurs i løpet av ID-kortets levetid.

Om du må gjennomføre eitt eller fleire av desse kursa i nærmaste framtid vil du bli varsla av ID-kontoret på e-post om framgangsmåte.

Informasjon om søknadsprosessen

Avinor ID-kort må søkjast om her. Når du har fullført søknadsskjemaet blir den sendt til din oppdragsgjevar for behandling, følg søknadsgangen på Mitt ID-kort.

Kurs:
Alle som skal ha eit Avinor ID-kort må gjennomføre minst eitt nettkurs. Kurs som må gjennomførast blir tilgjengeleg på Mitt ID-kort etter at søknaden din om ID-kort er behandla. Dette blir du varsla om på SMS.

Bakgrunnssjekk:
Viss du skal ha tilgang til sikkerheitskontrollert område (security) på flyplassen må du søkje om bakgrunnssjekk hos Luftfartstilsynet. Meir informasjon og rettleiing finn du på Luftfartstilsynets sider.

Er du usikker på om du må søkje om bakgrunnssjekk? Ta kontakt med arbeidsgjevaren din.

 

Kontakt oss

E-post: 

Hvis du ikkje har høve til å kontakte oss på e-post, kan du ringe oss på 64 81 20 25 (mandag til fredag: 08:00 - 11:30 og 12:00 - 15:30).

Oslo lufthamn

ID-kontorets åpningstider
Mandag til fredag: 08:00 - 09:30 og 14:00  - 15:30.
Laurdag og søndag er ID-kontoret stengt.

ID-kontoret er stengt i helgar og på helligdagar, samt julaften, nyttårsaften og fra kl. 13 på onsdag før påske.

Besøksadresse: Flyporten 1. etasje, Henrik Ibsens veg, Gardermoen.

Hvis du skal hente ut ID-kort kan du bestille time til henting her: Bestille avtale

Bergen lufthamn

ID-kontorets åpningstider
Mandag til fredag: 12:00 - 16:00. 
Laurdag og søndag er ID-kontoret stengt.

ID-kontoret er stengt i helgar og på helligdagar, samt på julaften og nyttårsaften.

Besøksadresse: Avgangshallen, til venstre for sikkerhetskontrollen, Flyplassvegen 555, 5258 Blomsterdalen.

Stavanger lufthamn

ID-kontorets åpningstider
Mandag til fredag: 08:00 - 09:00 og 16:00 - 17:00.

Kontoret er stengt i helger og på høytids- og helligdager innkludert julaften og nyttårsaften.

Besøksadresse: Ankomsthall innland, Flyplassveien, Stavanger lufthavn.

Tromsø lufthamn

ID-kontorets åpningstider
Mandag: 09:00 - 11:00.
Torsdag: 12:00 - 14:00.

Besøksadresse: Flysikringsbygget ved tårnet, Flyplassveien 84, Tromsø lufthavn.

Ofte stilte spørsmål
  • Kvar kan eg følgje prosessen til mitt ID-kort?
    Logg inn på Mitt ID-kort for å sjekke status på søknaden. Du vil motta ein SMS frå Avinor når ID-kortet er produsert og sendt frå ID-kontoret. Du vil også få sporingsinformasjon frå Posten og eit eige følgjebrev saman med ID-kortet for å lese om aktivering av ID-kortet.

  • Korleis gjennomfører eg kurs?
    Kurs som må gjennomførast blir tilgjengelege i Mitt ID-kort etter at søknaden din om ID-kort er behandla. Dette blir du varsla om på SMS.

  • Når blir bakgrunnssjekken min godkjent?
    Alle spørsmål rundt bakgrunnssjekk må rettast direkte til Luftfartstilsynet.

  • Eg har ikkje brukt ID-kortet mitt på ei stund
    ID-kort blir automatisk sperra (suspendert) når det ikkje er brukt på seks månader. Logg inn på Mitt ID-kort for å sjekke ID-kortet ditt. Hvis det er suspendert, må du følgje instruksjonane i profilen din før det kan aktiverast.

  • Eg har mist ID-kortet mitt.
Prisliste

Prisliste innpasseringsbevis

Her er ei oversikt over dei til kvar tid gjeldande prisane for innpasseringsbevis til Avinors lufthamner:

ID-kort for person, kr. 300,- per år
Innkjøringsbevis, kr. 1 500,- per år

Besøkskort og mellombels innkøyringsbevis: Gratis første 5 dagar per år. Deretter kr. 200,- per dag.

Gebyr for tap eller manglande innlevering av ID-KORT og permanent innkøyringsbevis: kr. 1000,-

Faktura blir send til oppdragsgivar for kvart enkelt kort.

Alle prisar er oppgitt eksklusive mva.

Sist oppdatert: 07.03.2024.