Skatterefusjon

Du kan få refundert meirverdiavgifta på varer handla i butikkar tilknytt Global Blue eller Planet, dersom du er busett utanfor Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Personar ved ein Global Blue tax-free-refusjonsdisk på ein flyplass. To menn står ved skranken under eit blått skilt som viser "Tax Free Refunds".

Viss du har gjort kjøp i tilknytte butikkar i Noreg og ønskjer å få refundert meirverdiavgifta (mva), kan du gjere dette gjennom private selskap som Global Blue eller Planet.

Slik fungerer det:

  • Kjøp varer for over 315 NOK i ein tilknytt butikk.
  • Be om ein tax-free-sjekk eller skjema i butikken før du dreg til flyplassen.
  • Fyll ut nødvendige opplysningar i skjemaet, som namn, adresse, passnummer og kredittkortdetaljar.
  • Ver sikker på at varer som skal sendast med bagasje blir viste fram for tollen før innsjekk.
  • På flyplassen går du til Global Blue- eller Planet-skranken for å få valideringsstempelet.
  • Når skjemaet er stadfesta, blir refusjonen overført til ditt kredittkort.

Viktig å hugse:

  • Varer må eksporterast innan 30 dagar frå kjøpsdato.
  • Hugs å fyll ut alle Global Blue Tax Free og Planet skjema med rett informasjon før du kjem til flyplassen.
  • Billett, pass og varer blir sjekka før du får verifiseringsstempel.
  • Refusjonar kan ta opptil nokre veker å kome inn på kontoen.

Gå til selskapet si nettside for full informasjon om vilkår Global Blue og Planet.


Gjer det sjølv: 

Følg rettleiinga på Tolletaten sin nettside https://www.toll.no/no/turist/tax-free/

Det er ikkje Tolletaten som tilbakebetaler meirverdiavgifta.

Global Blue på Oslo lufthamn

Skranken til Global Blue finn du i avgangshallen,  ved innsjekkingsområde 10, før sikkerheitskontrollen. 

For meir informasjon besøk www.globalblue.com.
Telefon:

Opningstider:
Måndag - fredag: 05:00 - 20:00
Laurdag: 05:00 - 19:00
Sundag: 05:00 - 21:00

 

 

Planet på Oslo lufthamn

Skranken til Planet på Oslo lufthamn Gardermoen ligg i innsjekkingsområde 7 i avgangshallen, før tryggleikskontrollen. 

Om du har ei mellomlanding på Oslo lufthamn eller kjem utanom dei vanlege opningstidene, kan du hente taxfree-refusjonen din hos Ark bokhandel i gate D-området.

For meir informasjon besøk: www.planetpayment.com

Trenger du hjelp, vennlegast kontakt oss på

Opningstider:
Måndag - sundag: 09:00 - 18:00